Menu

Om oss

Firma Mehl Solskjerming startet som agenturforretning i 1966, og har sidan 1980 hatt base på Voss. Kundane våre er private, offentlige etatar samt industrien. Geografisk dekkjer vi i hovedsak frå Sogndal til Sotra, frå Fedje til Eidfjord. I tillegg leverer vi i Hallingdal.

Vi held oss oppdaterte med nyhetene innan kvar varegruppe, slik at vi kan hjelpa kundane våre med det best tenelege produktet pr. dato. Vi har god kompetanse på automatiske og/eller radiostyrte anlegg, og har mange unike produkt frå bl.a. leverandørar som sveitsiske Stobag og norske Tundra, og kan også bistå i planleggings-fasen.

Mehl Solskjerming set kunden i sentrum, og er ikkje nøgd før kunden er det.
Kontakt oss for tilbod – ingen jobbar er for små, ingen for store.